Målet med denne kunnskapsdatabasen er å gjere kunnskap om verdsarvverdiane (Outstanding Universal Value – OUV) i Vestnorsk fjordlandskap lett tilgjengeleg og søkbar.

Databasen samlar kunnskap frå rapportar, vitskaplege artiklar og andre relevante dokument. Innhaldet frå kvar kjelde er delt inn i mindre kunnskapselement eller oppføringar, slik at det er enkelt å finne fram til informasjon om bestemte tema.

Kvart kunnskapselement er registrert med informasjon om mellom anna tema, delverdiar/attributtar, tilstand og truslar. Databasen kan difor filtrerast, sorterast og grupperast etter kva du ønskjer å undersøkje.

Til kvart kunnskapselement finn du også referanse til kjelda og sidetalet informasjonen er henta frå. På den måten kan du enkelt gå tilbake til originalkjelda for å lese meir eller kontrollere samanhengen informasjonen står i.

Nedanfor ser du eit døme på korleis det er mogleg å gruppere innhaldet etter delverdiar/attributtar for Vestnorsk fjordlandskap, med informasjon om tilstand og truslar knytte til dei ulike oppføringane under kvar delverdi.

Viktig at du ser denne videoen før du startar!

Lær meir om å søke, filtrere, sortere og gruppere i databasen slik det er best for dykk i videoen under

De finn også skriftleg brukarrettleiing her.

https://youtu.be/nlnxp_PBE8Y

<aside> 📺

Innføringsvideo NORSK

User manual is also available in English.

</aside>

Viktig atterhald

Tabellane er utarbeidd ved hjelp av kunstig intelligens (KI), som har analysert rapportar, artiklar og andre dokument knytte til verdsarvverdiane (OUV) for Vestnorsk fjordlandskap. Innhaldet skal vere basert på rapporten, men KI-generert innhald kan innehalde feil eller unøyaktigheiter, sjølv om vi har gjort alt vi kan for å unngå det.

Ved all vidare bruk av innhaldet bør opplysningane kontrollerast mot referansane og sidetala i tabellen. Referansar og koplingar er alltid tilgjengelege for registreringane.

Merk at alle vurderingar i tabellen er gjort av KI, men generert frå informasjon i rapport eller dokument.

Her er Vestnorsk fjordlandskap kunnskapsdatabase

Under finn du databasen gruppert etter OUV - Delverdi/attributt (Active geological processes). Den viser også tilstanden knytt til delverdien (God, Middels, Dårleg, Ukjent) og kva truslar rapporten peikar på (Temperaturendring, Vass-infrastruktur osv.).

De kan teste ut med å filtrere, sortere osv. ved å trykke oppe til høgre. Ingen fare, de kan ikkje øydeleggje noko…

Untitled

image.png

Utforsk databasen