Målet med denne kunnskapsdatabasen er å gjere kunnskap om verdsarvverdiane (Outstanding Universal Value – OUV) i Vestnorsk fjordlandskap tilgjengeleg og søkbart.
I databasen finn du informasjon basert på rapportar, vitskaplege artiklar og andre relevante dokument. Kvar rapport er delt opp i fleire kunnskapselement som er registrerte og informasjon om kvart kunnskapselement er systematisert under tema (kolonner) - omtrent som i eit vanleg Excel - ark.
Under kvart kunnskapselement finn de alltid referansar til kjelderapporten og sider i denne slik at de kan gå tilbake til kjelden for å lese meir og sjekke innhaldet. De ser eit eksempel under.

VIKTIG ATTERHALD Tabellane er utarbeidd ved hjelp av kunstig intelligens (KI), som har analysert rapportar, artiklar og andre dokument knytte til verdsarvverdiane (OUV) for Vestnorsk fjordlandskap. Innhaldet skal vere basert på rapporten, men KI-generert innhald kan innehalde feil eller unøyaktigheiter, sjølv om vi har gjort alt vi kan for å unngå det.
Ved all vidare bruk av innhaldet bør opplysningane kontrollerast mot referansane og sidetala i tabellen. Referansar og koplingar er alltid tilgjengelege for registreringane.
Merk at alle vurderingar i tabellen er gjort av KI, men generert frå informasjon i rapport eller dokument.
<aside> <img src="/icons/add_gray.svg" alt="/icons/add_gray.svg" width="40px" />
</aside>
<aside> <img src="/icons/mountains_gray.svg" alt="/icons/mountains_gray.svg" width="40px" />
</aside>
<aside> <img src="/icons/chart-donut_gray.svg" alt="/icons/chart-donut_gray.svg" width="40px" />
</aside>
<aside> <img src="/icons/gradebook_gray.svg" alt="/icons/gradebook_gray.svg" width="40px" />
</aside>
<aside> <img src="/icons/clover-four-leaf_gray.svg" alt="/icons/clover-four-leaf_gray.svg" width="40px" />
</aside>
<aside> <img src="/icons/traffic-light_gray.svg" alt="/icons/traffic-light_gray.svg" width="40px" />
</aside>
Vi har laga ulike visningssider for å gjere databasen meir tilgjengeleg. Du får tilgang til dei ulike visningssidene ved å klikke på ikona over.
Du kan alltid filtrere, sortere og søkje i ulike visningar i databasen slik du ønskjer, men det er ikkje mogleg å gjere endringar her.
Skriftleg innføring i bruk av databasen finn de nedst på denne sida.
<aside> 📺
</aside>
Alle visningssider: Hovudoversikt, Temaoversikt, OUV - basert oversikt, Delområde, Kunnskapsnivå, Tilstandsoversikt
Gi gjerne tilbakemelding dersom de har problem eller forslag: [email protected]
Databasen Vestnorsk fjordlandskap er utvikla for å gjere informasjon om verdsarvområdet lett tilgjengeleg. Du har lesetilgang til databasen. Det betyr at du kan: